I ei tid der bilder ofte blir liggande på telefon eller harddisk, tilbyr eg noko heilt anna. Hos meg får du meir enn bare bilder. Du får tidlause kunstverk som fortener ein plass i heimen din. Kvart portrett vert skapt med omhu gjennom ein nøye gjennomtenkt og kunstnerisk prosess – frå fotografering, gjennom bilderedigering og til slutt som personlige kunstverk i heimen din.
Eg brukar tid på å finne dei rette omgjevnadene og det perfekte lyset som får fram den gode stemninga. Kvar detalj vert nøye justert i etterbehandling for å sikre at portrettet blir vakkert, stemningsfullt og tidlaust.
Her får du personlig oppfølging gjennom heile prosessen, frå planlegging til ferdige kunstverk som kan pryde heimen din.
Når bildet er ferdig, vert det produsert på materialar av høgste kvalitet. Eg samarbeider med nokre av Norges og Europas beste leverandørar som spesialiserer seg på kunsttrykk og handlaga fotoprodukt slik at du får noko heilt unikt.
Dette er ikkje bare “eit bilde”. Det er kunstverk skapt for å bli sett, delt og verdsett i generasjonar. Varige minner som kan gå i arv.
Eg heiter Kjersti og bur i Sandeid saman med mann, yngstemann og hunden vår Teo. Eg er mor til tre (vaksne) gutar og bestemor til to nydelige jenter.
Mine bilder går ofte mot det litt stemningsfulle og eventyraktige og eg er veldig glad i å ta bilder i skogen.
Mitt største mål og ønske at du skal få drømmebildene dine og tidlause kunstverk i heimen din. Eg vil gjerne hjelpe deg slik at det blir helt perfekt og akkurat slik du ønsker det.
Eg elskar naturlige og ekte øyeblikk og det er nettopp dette jeg ønsker å skape for deg slik at minnene vert levande i mange, mange år.
FAMILIEFOTOGRAF som fotograferer ute i ETNE & VINDAFJORD.
I løp av sommaren -25 flyttar eg inn i nytt fotostudio i Sandeid!!
Om det er noko du skulle lure på så blir jeg kjempeglad for å høyre frå deg 💛