Pris fotografering:
Fotografering 1 barn………………………………….2000,-
Fotografering nyfødt…………………………………2000,-
Fotografering konfirmant….…………………….2000,-
Fotografering gravid…………..…………………….2000,-
Fotografering familie (2-6 pers)…………….2500,-
Fotografering storfamilie (7-15 pers)……3500,-
Fotografering Fine Art (kunstportrett)...2500,-
Fotografering bedrift…………………………………pris etter avtale
Set du pris på kvalitet?
Ønsker du noko som varer heile livet?
Har du sansen for det vesle ekstra?
Likar du å få ting ordna og at nokon hjelper deg gjennom heile prosessen?
Då er du på rette staden!
Fotografering hos meg inkluderer så mykje meir enn “bare” tida på fotoshoot. Her får du hjelp gjennom heile opplevinga og eg legg sjela mi i å gi deg personleg oppfølging, eksklusive produkt og tidlause kunstverk som blir til varige minner. Målet mitt er alltid å gi deg ei mest mulig eksklusiv portrett-oppleving.
Prisane inkluderer førebuing i samarbeid med deg, PDF med råd og tips mht valg av klær, kommunikasjon på telefon/ melding rundt klesvalg, fotografering, bestillingstime, lagring/ oppbevaring av bildefiler.
Resultatet er tidlause kunstverk av familien din, klare til å henges rett på veggen - skapt for å bli sett, delt og verdsett i generasjonar.
Om det er noko du skulle lure på så blir jeg kjempeglad for å høyre frå deg 💛
Tillegg:
Ved fotografering i helger og etter klokka 15.00 kjem eit tillegg på 500,-
Kjøring: 15 kr/km (inntil 20 km frå Sandeid er inkludert i prisen).
Ved klesbytte for konfirmant kjem eit tillegg på 500,- pr antrekk.
Alle fotoprodukt kjem alltid i tillegg og blir bestilt etter fotograferinga. For meir informasjon, les her
Både fotografering og etterarbeidet er noko eg legg sjela mi i, så eg sett uendelig stor pris på løyve til å vise fram mine favoritter. På den måten hjelper de meg slik at eg i framtida også kan få nye oppdrag og dermed fortsette i jobben min - også neste gong de treng fotograf. Dette betyr veldig mye for meg og som takk vil alle som gir tillatelse til deling på både heimeside og sosiale medier få 200 kr i avslag. Beløpet trekkes frå i produktbestillinga.