Veggbilder som blir sett - album som blir bladd i. Begge deler er minner som varer!

 

Bestillingstime - ein viktig del av opplevinga


Ein bestillingstime er alltid inkludert i prisen når du bookar fotografering hos meg.

Dette er tidspunktet der me møtes for å sjå gjennom bildene frå fotograferinga di og finne motiva som passar perfekt for dåkas heim. Timen blir satt opp ca to veker etter fotograferinga, den varer omlag to timar, men tilpasses etter behov.

Du får sjå dei beste bildene på stor skjerm og saman finn me bildene som betyr mest for dykk. Eg hjelper deg med å velge fotoprodukt som blir til tidlause kunstverk i heimen dykkar – enten det er vakre album, kunstnerlige veggbilder eller andre handlaga fotoprodukt av høg kvalitet.

ISTORIA-kundar investerer i snitt mellom 20–30.000 kr i sine fotoprodukt, men du bestiller sjølvsagt akkurat det som kjennes rett for dykk – verken meir eller mindre.

 
 
 

prisgunstige produktpakker


Eg veit at pris er ein viktig faktor, men like viktig er det å finne ei løysing som gir varige minner; vakre produkt som blir ein del av heimen og som kan glede dåken i årevis.

Difor tilbyr eg både enkeltprodukt og produktpakkar. Dersom du ønskjer mest mogleg verdi, vil ein produktpakke alltid vere eit smart val. Pakkane er nøye samansette for å gi deg ei heilskapleg løysing, der du får meir for pengane enn om du kjøper enkeltprodukt.

 

à la carte produkt


Dersom du ønskjer å kjøpe enkeltprodukt, kan du velge à la carte og bygge din eigen samling av fotoprodukt i same kvalitet som i pakkene over.

 
 
 

fotoprodukt

 
Veggbilder

Veggbilder

Veggbilder kan du få i mange størrelser og du kan velge mellom å få bildet laminert og innramma utan glas eller laminert og montert på 16mm tjukk bildeplate.

Nydelige produkt, utan refleksjon og med lang levetid slik at de har glede av bildene i mange, mange år.

Med ramme:

Velg mellom stilreine og moderne rammer i EIK eller SVART , eller “barokk”-rammer i GULL eller ANTRASITT (mørk grå). Alle rammer 2 cm.

Kan også fås med mange andre typer rammer. Tillegg for rammer over 2 cm: + 10 %

Utan ramme:

Dette er erstatteren til lerret og har ikkje ramme. Eit stilreint og elegant design som set bildet i fokus. Bildet er laminert og montert på ei 16 mm tjukk treplate, med ferdig opphengssystem bak.

Du kan velge mellom fleire ulike farger på kantane (lys grå tre, svart tre, svart, kvit, kvit tre, valnøtt og eik). Sjå bildet

Kan også fås som modul (sjå lenger ned på sida)

Laminering:

Ved laminering smeltes ei hinne over motivet slik at produktet kan tørkes over med ein fuktig klut. Laminering gjer også bildet motstandsdyktig mot riper og oppsprekking på kanter og hjørner. Det inneheld også UV-filter som beskyttar mot skadeleg lys

Pris: frå 3000 kr - 12.000 kr

 
 
Veggbilder modul

Modul med ramme:

Velg mellom mine fire utvalgte rammer; stilreine og moderne rammer i eik eller svart og “barokk”-rammer i gull eller antrasitt (mørk grå). Alle rammer er 2 cm.

Kan også fås med mange andre typer rammer dersom ønskelig.

Modul utan ramme:

Dette er erstatteren til lerret. Eit stilreint og elegant design som set bildet i fokus. Bildet er laminert og montert på ei 16 mm tjukk treplate med ferdig opphengssystem bak.

Du kan velge mellom fleire ulike kantfarger (lys grå tre, svart tre, svart, kvit, kvit tre, valnøtt og eik. Sjå bildet lenger opp på sida).

Pris: frå 9000 kr - 22.000 kr

 
 
 
 
 
 
Album

Album

Velg mellom mine tre ulike album;

Budsjettalbum, Kvalitetsalbum, & Luksusalbum

(bilder kjem)

Pris: 4000 kr-15.000 kr

 
 
 
Takkekort

Takkekort

Sei takk med eit hyggelig kort til familie, venner og andre som har gitt deg oppmerksomhet på dine merkedagar. Ved konfirmasjon, dåp, navnedag eller runde dagar er det alltid koselig å sende ei personlig helsing. Eg designer takkekort i tett samarbeid med deg slik at kortet blir så personlig som du ønsker.

Dersom ønskelig overfører eg gjerne din unike signatur til kortet for ei enda meir personlig helsing.

1-3 bilder på enkle eller doble takkekort, inkl kvit konvolutt (15,5x15,5 cm eller 12x17 cm)

Pris: frå 1950,-

Minimum 25 stk, med mulighet for å kjøpe tilleggskort til 30 kr/ stk

 
 
Gåver

Gåver

Det er også mulig å kjøpe gåveprodukt av alle redigerte bilder. Dette er bilder som det allerede er bestilt andre produkt av og som dermed er ferdig redigert. Eventuelt er det også mulig å kjøpe Kopi på fotopapir ved kjøp av mine produktpakker (sjå over).

Kopi med fotopapir

Pris: frå 600,-

Kopi med ramme, laminert

Pris: frå 1300,-

Album, duplikat av hovudalbum
Pris: minus 50 % frå album nr. 2

 
 

Finansiering

Eg har forståelse for at fotografering er ei investering, så for at det kan bli meir overkommelig, tilbyr eg om ønskelig å fordele fakturaen over 2 månader uten ekstra kostnad - det er bare å gi beskjed om dette ved bestilling.

Merk at produktene sendes til bestilling etter at begge delbetalinger er registrert på konto!

 

BESTILL DI FOTOGRAFERING HER!