
Familien din som kunst på veggen!
Hos meg handlar det om meir enn bare fotografering – her får du hjelp gjennom heile opplevinga.
Frå val av klede til utveljing av favorittbilder og ferdige fotoprodukt av høg kvalitet. Resultatet er tidlause kunstverk av familien din, klare til å henges rett på veggen - skapt for å bli sett, delt og verdsett i generasjonar.
FAMILIEFOTOGRAF som fotograferer ute i ETNE & VINDAFJORD.
I løp av sommaren -25 flyttar eg inn i nytt fotostudio i Sandeid!!
Eg heiter Kjersti og bur i Sandeid med mann og hunden vår Teo. Eg er mor til tre vaksne gutar og bestemor til to nydelige jenter.
Mine bilder går ofte mot det litt stemningsfulle og eventyraktige og eg er veldig glad i å ta bilder i skogen.
Mitt største mål og ønske at du skal få drømmebildene dine og tidlause kunstverk i heimen din. Eg vil gjerne hjelpe deg slik at det blir helt perfekt og akkurat slik du ønsker det.
Eg elskar naturlige og ekte øyeblikk og det er nettopp dette jeg ønsker å skape for deg slik at minnene vert levande i mange, mange år.
Om det er noko du skulle lure på så blir jeg kjempeglad for å høyre frå deg.
Slik fungerer det
God førebuing er viktig for eit bra resultat. Start med å fylle ut kontaktskjema under, så tek eg kontakt så raskt eg kan.
Det første me gjer er å avtale ei tid for ein liten prat på telefon der me snakkar litt om korleis alt fungerer rundt ei fotografering hos meg.
Me avtaler kor og når me skal gjennomføre fotograferinga.
Du mottek også ein førebingsguide på mail. Her finn du mange tips og råd rundt planlegging av fotograferinga og til valg og samansetting av klær for eit best mulig resultat.
Familie- og storfamiliefotografering tek som regel 1-1/2 time, mens fotografering av eit barn eller ein konfirmant vanlegvis varer rundt 30–45 minutt.
Eg har alltid stort fokus på trivsel, leik og godt humør under fotograferinga, fordi det er viktig at det blir ei positiv oppleving for alle. Når me har det kjekt saman, kjem også dei fine augeblikka – dei som viser den ekte personligheten💫✨
Me møtes på ein bestillingstime hos meg ca 2 veker etter fotograferinga.
Her ser me gjennom bildene og dei fine øyeblikka og eg vil hjelpe dykk å lande kva bilder og produkter de ønsker. De får sjølvsagt både sett og kjent på alle produktene.
Når bildene er ferdig redigert, vert dei produsert på materialer av høgste kvalitet. Eg samarbeider med nokre av Norges og Europas beste leverandørar som spesialiserer seg på kunsttrykk og handlaga fotoprodukt, slik at du får noko som er heilt unikt. Varige minner som kan gå i arv.
BESTILL DI FOTOGRAFERING HER!
Finansiering
Eg har forståing for at fotografering og fotoprodukt er ei investering, så for at det kan bli meir overkommelig tilbyr eg om ønskelig å fordele fakturaen over 2 månader uten ekstra kostnad - det er bare å gi beskjed om dette ved bestilling.
Merk at produktene sendes til bestilling etter at begge delbetalinger er registrert på konto!